Historia om Solhjell

Frå tradisjonell konfeksjonsfabrikk til moderne produksjonbedrift av bunader.

I 2006 opna Solhjell ein ny og moderne produksjonsbedrift i Tallin i Estland. Estland er eit land med lange og rike folkedrakttradisjonar, dyktige fagfolk og høg kompetanse innan både saum og brodering. Vi har i dag 42 dyktige tilsette i Estland.

Det blir produsert både manns- og damebunader frå ulike fylke i Noreg. Bedrifta er eit dotterselskap og er eigd av Solhjell AS.

Kvar einaste bunad blir sydd etter mål, og i tråd med dei tradisjonane og strenge krava som blir stilt til bunader i Noreg. Det betyr at kvar einaste bunad er ei unik og personleg festdrakt, nøyaktig tilpassa personen som skal bære den.

Bunadene vi produserer er gjennomgått og godkjent av lokale bunadsnemder eller andre norske bunadsspesialistar.

All brodering blir gjort for hand, og deler av bunaden blir sydd og montert for hand.

For Solhjell er det viktig å støtte opp om norsk tekstilindustri, og så sant det er mogleg kjøper vi råvarene til bunadene frå norske produsentar/leverandørar. Nokre råvarer må vi kjøpe frå Europa, ettersom dei ikkje blir produsert i Noreg.

2001 endra verksemda namn til Solhjell AS. Snart blei fabrikken omgjort til ei moderne produksjonsbedrift, tilpassa dei spesielle metodane som krevst for å produsere bunader.

Solhjell sin høge kompetanse på mønsterpassform, målsaum, og leveringsevne medførte at bedrifta i Molde etter kvart blei ein leiande produsent av mannsbunader.

I 1947 starta Kåre Solhjell opp ein konfeksjonsfabrikk i Molde. Snart hadde Kåre rundt 100 medarbeidarar. Dette var nokre av dei beste skreddarane i Noreg, som hadde høg kompetanse på både manns- og damekonfeksjon. Hovudprodukta var eigne kolleksjonar til herre og dame, og dessutan ulike typar uniformar mellom anna for SAS, Braathens, sjåførar og musikkorps.

På midten av 1990-talet auka konkurransen frå utlandet ytterlegare, og bedrifta måtte nok ein gong omstille både produksjon og kompetanse. Ettersom bedrifta allereie var kjent for solid fagkunnskap, lange tradisjonar og god kvalitet innan produksjon av herreklede, valde dei å satse på nisjane musikkuniformar og mannsbunader (som hadde auka kraftig i popularitet dei siste åra). For å kunne spesialisere seg på bunader, blei produksjonen av musikkuniformer avslutta hausten 2007.

Høg fagkunnskap, god service og eit ønske om å vidareføre norske tradisjonar, er Solhjell sitt varemerke – slik det har vore i over 70 år.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Du kontrollerer dine eigne data Vi og våre forretningspartnarar bruker teknologiar, inkludert informasjonskapslar/«cookies» til å samle informasjon om deg for forskjellige føremål. Ved å trykke «Aksepter alle» gir du løyve til alle desse føremåla. Du kan lese meir om korleis vi bruker informasjonskapslar og annan teknologi, og korleis vi samlar inn og behandlar personopplysningar ved å klikke på lenka.


Nødvendige

Nødvendige informasjonskapslar hjelper med å gjere ei heimeside brukbar ved å aktivere grunnleggande funksjonar, slik som side-navigasjon og tilgang til sikre område av heimesida. Heimesida kan ikkje fungere optimalt utan desse informasjonskapslane.


Funksjonelle

Funksjonelle informasjonskapslar gjer det mogleg å lagre opplysningar som endrar måten heimesida ser ut eller oppfører seg på, t.d. ditt føretrekte språk eller den regionen du oppheld deg i.


Statistiske informasjonskapslar hjelper heimesida sin eigar med å forstå korleis besøkande samhandlar med heimesida ved å samle inn og rapportere opplysningar.


Marknadsførings-informasjonskapslar blir brukt til å spore besøkande på tvers av heimesider. Føremålet er å vise annonsar som er relevante og engasjerande for den enkelte brukaren, og dermed meir verdifulle for utgivarar og tredjeparts-annonsørar.


Uklassifiserte

Vi er i ferd med å klassifisere uklassifiserte informasjonskapslar saman med leverandørane av dei enkelte informasjonskapslane.