Hardanger Vinterbunad
Dei første bunadane blei laga på midten av 1800-talet og blei brukt av vaksne kvinner. Overdelen blei opphavleg brukt som trøye/jakke, men mellom 1890-1900 endra formen seg. Snittet forandra seg og trøya/jakken blei skore av i midja og festa til stakken.
Denne bunaden blir bruka både i Granvin, Eidfjord, Kvam og Ulvik. Det som skil dei ulike bygdene er banda på overdelen og motivet på bringeduken og beltet.
Bringeduk og belte kan være brodert, vevd eller perletredd.
Svarte strømper og svarte bunadsko blir bruka til denne bunaden.
Produktbeskriving
-
Kjole/stakk
Bunad i 100% ulldrapé eller i 100% ull kanvas. Overdelen er kanta med gul/grøne band rundt handledd, ermesplitt, rundt hals og langs forkant.
-
Skjorte
Halvskjorte i lin som er handbrodert med svartsaum.
-
Bringeduk og belte (på biletet)
Både bringeduken og beltet som er på biletet handbrodert.
-
Hårvippe
Om ønskeleg kan ein også bruke hårvippe.
Hårvippa er laga i raudt og kvitt ullband som er ferdig fletta og blir festa til håret med hårnåler.
-
Cape
Til bunaden er det laga eit cape i ulldrape med raudt fôr i ullkanvas.