Aust-Telemark, Beltestakk med lilla/cerise band
Kvinnedrakta i Telemark har endra seg gradvis frå 1850 og fram til 1910, og blei etterkvart til det som i dag blir kalla Beltestakk. Frå byrjinga av 1960-talet blei stakken meir og meir brukt, og kopiert frå gamle modellar ein hadde arva. Dette har ført til mange variasjonar av Beltestakken når det gjeld saum og design på forkle, vest og skjorter.
Det som særpregar Beltestakken er det høge livet, noko som gjer at skjørtet blir langt og vesten kort, samt det breie brikkevevde beltet. Nede på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke- eller ull med ulike fargar og motiv.
Produktbeskriving
-
Stakk/kjole som vises på biletet
Vesten er laga i svart silkebrokade og har lilla dekorband i front og på ryggen. Skjørtet er i svart 100% ullkanvas.
-
Forkle m/lilla band som vises på biletet
Forkleet er laga i svart 100% ulldamask og dekorert med ulike lilla og ceriseraude maskinvevde band langs nedkant og på sidene. Forkleband er handvevde band i ull og lin. Fargane er dei same som i beltet.
-
Skjorter som vises på biletet
Her kan ein velge mellom ulike typar:
Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er i bomull eller i silke.
Art. 21749-B20-110 Kvite skjorter i bomull med handbrodert
korstingsbroderi i lin på krage, mansjettar og på
bringa. Broderia er i same farger som broderiet på vest og forkle.Art. 21746-B20-110 Kvit skjorte i bomull med korstinsgbroderi i lin på krage, mansjettar og i front på bringa. Fargane på broderia er i rosa, svart og grønt.
Art. 21748-B20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med plattsaumsbroderi i grå og svart på krage, mansjettar og i front på bringa.
Art. 21700-b20-110 Kvit skjorte i 100% bomull med nuperellar og utan broderi.
-
Belte i brikkevev
Handvevd belte i 100% ull i lilla eller ceriseraude farger. Det er vanleg med belte i same farger som forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa som på biletet.
-
Hårvippe i brikkevev
Handvevd hårvippe i 100% ull i fargar som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Dei fleste vel brikkevevd hårvippe i same fargar som beltet.
Hårvippa kan vere eit laust band som ein kan flette inn i håret, eller ei ferdig fletta vippe som blir festa med hårnåler til håret.