Østerdal mannsbunad
Bunaden blei ferdigstilt av bunadskomiteen i Elverum Husflidslag i 1986, og er ein nøyaktig rekonstruksjon av plagg frå ca. 1830–40. Kleda som blei kopiert er utstilt på Tynset Bygdemuseum, Glomdalsmuseet og Norsk Folkemuseum. Jakka og buksa er frå Tynset, vesten er frå Os.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage i svart klede.
Artikkel nr: 22116-149-190 Svart klede
-
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i rust eller grønt ullstoff. Stoffet er med svart trykkmønster. I ryggen er det svart ullstoff.
Artikkel nr: 22216-129-print-918 Grøn Wool canvas
Artikkel nr: 22216-129-print-580 Raud Wool canvas
-
Knebukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.
Artikkel nr: 22616-149-190 Svart klede
-
Til bunaden
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden, og som hoseband foreslår vi art. 50105 eller 50108. Ein kan bruke lue i svart med raud kant.