Råndastakk damebunad, forkle i bomull
Råndastakken har vore i bruk heilt frå 1830-åra, nord i Gudbrandsdalen, og er ein av dei mest tradisjonsrike bunadene i Noreg. Bunaden fekk namnet frå ordet ”rånd” som betyr stripe. Nede på stakken er det ein hengefold som frå gamalt av var for å skjule eventuell skøyt i stoffet. Midt på skjørtet er det ein pressfold.
Det fins mange variantar og fargar av forkle, og dei mest vanlige er dei med tverrstriper.
Det er vanleg med svarte strømper og svarte bunadsko.