Sør-Trøndelag damebunad i Rose m. stilk, blå
Allereie i 1920 blei det starta å samle inn informasjon om gamle drakt plagg rundt om i Trøndelag. Arbeidet blei satt i gang av lærerinnene Ragna Rytter, Kaspara Kyllingstad og Ingeborg Krogstad. Dei fant mange plagg som var sterkt påverka frå rokokkostilen i tida rundt 1800, der ein oftast benytta materialene silke og fløyel. Det var viktig for dei 3 kvinnene at bunaden skulle ha lokal forankring, derfor blei bunaden lagd materiala ull og lin. Stoffa i bunaden bygjer derfor på tradisjonar i damaskveving frå Trøndelag. Det skulle væra mogeleg å kunne veve eigne stoff til bunaden. Etterkvart har produksjonen av bunaden vorte standardisert. I dag finst det 3 ulike damaskmønster til bunadlivet, i 12 ulike fargekombinasjoner. Damaskmønstra på bunadlivet kallas Enkel rose, Rose med stilk og Rose med bølge.
I stoffkvaliteten Enkel Rose er det 3 ulike fargekombinasjoner se vedlagte bilder.