Sunnmøre mannsbunad
Jakka er frå stilen på slutten av 1800-talet. Bunaden blei først utarbeidd på starten av 1900-talet, og er opphavleg frå Stranda. Bunaden blei først teken i bruk i 1920-åra.
Fleire detaljar om bunadenProduktbeskriving
-
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.
-
Vest
Dobbeltspent vest utan krage og slag i djupraudt ullklede. Baskerlin i rygg.
-
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.
-
Til bunaden
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi. Kvite naturfarga ullstrømper og hoseband art. 50101.