Valdres herrebunad

Bunaden med svart jakke er den som har vore i bruk lengst i Valdres. Bunaden blei utvikla og sett i produksjon i 1962. Jakka er ein kopi av ei trøye frå 1860–70 frå Søre Garli i Nord-Aurdal. Buksa er frå Sør-Aurdal frå 1880–90 åra. Vesten er ein kopi frå Robøle.

Fleire detaljar om bunaden

Produktbeskriving

  • Kort jakke

    Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart klede. Ein kan velje svart eller brun fløyel på krage, på forkant og på ermer.

  • Vest i rutete stoff

    Dobbeltspent rutet vest med ståkrage og slag i ullstoff. Baskerlin i rygg.

  • Bukser

    Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

  • Til bunaden

    Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi. Det er vanleg å bruke hatt. Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden. Som hoseband foreslår vi art. 50110 eller 50114.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Du kontrollerer dine eigne data Vi og våre forretningspartnarar bruker teknologiar, inkludert informasjonskapslar/«cookies» til å samle informasjon om deg for forskjellige føremål. Ved å trykke «Aksepter alle» gir du løyve til alle desse føremåla. Du kan lese meir om korleis vi bruker informasjonskapslar og annan teknologi, og korleis vi samlar inn og behandlar personopplysningar ved å klikke på lenka.


Nødvendige

Nødvendige informasjonskapslar hjelper med å gjere ei heimeside brukbar ved å aktivere grunnleggande funksjonar, slik som side-navigasjon og tilgang til sikre område av heimesida. Heimesida kan ikkje fungere optimalt utan desse informasjonskapslane.


Funksjonelle

Funksjonelle informasjonskapslar gjer det mogleg å lagre opplysningar som endrar måten heimesida ser ut eller oppfører seg på, t.d. ditt føretrekte språk eller den regionen du oppheld deg i.


Statistiske informasjonskapslar hjelper heimesida sin eigar med å forstå korleis besøkande samhandlar med heimesida ved å samle inn og rapportere opplysningar.


Marknadsførings-informasjonskapslar blir brukt til å spore besøkande på tvers av heimesider. Føremålet er å vise annonsar som er relevante og engasjerande for den enkelte brukaren, og dermed meir verdifulle for utgivarar og tredjeparts-annonsørar.


Uklassifiserte

Vi er i ferd med å klassifisere uklassifiserte informasjonskapslar saman med leverandørane av dei enkelte informasjonskapslane.